Tenestene våre

UT Å FLY

Skal du ut å fly så køyrer me og til og i frå Flesland Lufthavn. Ring eller send oss ein mail for meir informasjon og fastpris.

RULLESTOL

Voss Taxi har ein variert bilpark med plass til samanleggbare rullestolar, men ved behov for å ha med elektrisk rullestol, eller behov for å sitte i rullestolen under transport har me to 16 setar MaxiTaxiar med plass til 2 brukarar samtidig. Samt 3 stk 8 setar rullestolbil, alle med rampe for lett ombordstigning. Sjå eigen fane for meir informasjon og kontaktopplysningar.

HITTEGODS

Har du mista noko? Ta kontakt med oss.


Me får stadig inn mobilar, hanskar, huer, vesker, briller, skjerf og paraplyar.

Alle gjenstandar som vert funne i våre bilar vert bevart på sentralen vår som ligg midt i Voss Sentrum.


Saknar du noko så ring oss, send ein e-post eller stikk innom.

Klede vert som regel returnert til rette vedkommande om dei er merkte med namn og nummer. Då plar me ta kontakt med den dette gjeld. Andre attgløymde tekstilar vert som regel kasta eller donert til Fretex.

Verdisaker som pengar, mobiltelefonar, kamera og nettbrett m.m., vil verta levert på lensmannskontoret på Voss om ikkje eigar dukkar opp innan rimeleg tid.

BORN I BIL

Me har barnestolar med IsoFix og støttebase for born i alle aldrar. I tillegg har me eit breitt utval i belteputer og beltestolar. Ein kan og låna stoler om ein treng det til ein kort tur eller 2.

SYKKEL?

Me har og moglegheit for å ta med sykkel. Vennligst opplys om dette på førehand, så tek me med oss stativ.

HJELPESTARTAR

Skulle da vere krise og ein opplever å ha flatt batteri. Så har me og ein hjelpestartar på lur om da skulle væra nødvendig.

FØRARHUND

Alle våre bilar og sjåførar tar med seg hund.

Me har bilar til alle typar oppdrag!

Maxi-Taxi & Rullestolbil

Minibussar med plass til 16 passasjerar eller 2 rullestolar samtidig

Storbil/MiniVan

Storbilar med plass til 7-8 passasjerar

Personbilar

Personbilar med plass til 4-6 passasjerar og med god bagasjeplass