.jpg?etag=%222c9cc5-5f08340e%22&sourceContentType=image%2Fjpeg&ignoreAspectRatio&resize=1171%2B555&extract=12%2B0%2B1095%2B555&quality=85)
Voss Taxi SA hadde fram til 2013 namnet Voss Drosjebilsentral. Me er hovudleverandørar på køyring av pasientreiser og skuletransport i Voss Herad.
Me leverer og tenester til ulike aktørar og kundar, som f.eks Kommune, Fylkeskommune, Vy, diverse legar/behandlarar-institusjonar. Både i nærmiljøet og i fylket.
LITT INFORMASJON
Det er totalt 22 løyver som tilhøyrer Voss Taxi.
Slik ser bilparken ut med antall seter i kvar bil pr i dag.
Telefonen er bemanna døgnet rundt, heile året. Ved behov for større bil enn ein vanlig som tar 4 passasjerar, sjå meir info på "Kontakt" sida.
Me held til midt i hjarta av Voss Sentrum. Du vil kanskje kjenna igjen den raude og kvite taxibua vår i frå fleire innslag i fjernsynet, deriblant Norge Rundt og Sommeråpent.
Den er ikkje lenger i bruk ettersom at me kom inn i nye og større lokaler rett over gata. Bilparken vår står der som den alltid har gjort (ved den raude bua).
I våre nye lokaler har me og eit stort og oppvarma venterom med stolar og sofa der ein kan slappa av mens ein ventar.
Venterommet er ope 07-20 kvar dag.

Scan QR Code and order