Personvernerklæring

Voss Taxi SA

 

Når du brukar Voss Taxi SA, gjev du oss tilgang til opplysningar om deg. Her kan du lesa kva opplysningar me samlar inn, korleis me gjer det og kva me brukar dei til.
Her finn du informasjon om korleis opplysningar om deg, og dine reiser behandlast i våre system. Elektroniske spor om deg knytt til våre tenester er trygge hjå oss, og me vil ikkje misbruka opplysningane dine. Voss Taxi SA vil behandla dine personopplysningar slik at du får ei enkel og god teneste. Drosjeselskapet er ansvarleg for dei personopplysningane som behandlast.

 

Formål

For å kunna tilby digital bestilling, førehandsbetaling og tilleggstenester via vosstaxi.no og VY-Appen, må me kunne lagra informasjon som regnast som personopplysningar

 

Gjennomføring av endringar

Me vil i blant kunna oppdatera Voss Taxi SAs personvernerklæring for å gjenspeila endringar på nettstaden eller ved vår personvernerklæring. Ved større endringar vil me informera om dette via vår heimeside, eller du informerast ved neste gongs pålogging. I særlege tilfeller vil innlogga brukarar varslast direkte ved e-post eller varsel på SMS.

 

Kva lagrar me og kvifor

Delar av korttype og –nummer for betaling med kreditt- og bankkort: Me lagrar ikkje heile kortnummeret hjå oss, men delar av da lagrast når du registrerar det direkte i våre tenester. Dette lagrast i vår database slik at kunden skal kunna førehandsbetala og henta ut sine digitale kvitteringar etter endt tur. Visst opplysningane registrerast i tredjepartsløysningar, som for eksempel ved lagring av kort via VY-appen, henvisast kunden til tredjeparts eigne vilkår. https://www.vy.no/vilkar-og-personvern/personvern

 

Telefonnummer: Sjåførar kan bruka telefonnummer til å ta kontakt med kunde ved henting, eller om han eller ho finn gjengløymde ting i bilen. Me vil også bruka telefonnummer til å senda ut bekreftelsar på bestillingar, eller visst noko uforutsett har skjedd som har betydning for levering av tenester.

For- og/eller etternamn: Lagrast slik at me kan gje betre kundeservice om me treng å kontakta kunden, og for å gjera opplevinga med Voss Taxi SA meir personleg.

Start- og sluttadresser for turar: Brukast til å generera digitale kvitteringar.

Dato og klokkeslett for turar køyrd: Brukast til å generera digitale kvitteringar.

Karthistorikk: For å kunna henta favorittadresser for raskare bestilling.

GPS: Ved bestilling av tur brukast GPS-signal for å finna ut kvar kunden befinn seg (startadresse).

 

Utvikling av tenester

Me utviklar stadig våre tenester. Når me utviklar tilleggstenester på vosstaxi.no som inneber lagring av personopplysningar, vil me oppdatera desse vilkåra. Oppdaterte vilkår vil til ei kvar tid væra tilgjengeleg på web.

 

Kva er personopplysningar?

Personopplysningar er informasjon som kan knytast til ein person, for eksempel namn, bustad, telefonnummer, e-postadresse, IP-adresse.

Med personopplysning meiner me opplysningar som kan knytast til ein enkeltperson

Innstillingar for personopplysningar

 

Du kan begrensa lagring og behandling av opplysningar om deg. Våre tenester vil då ikkje i like stor grad være tilpassa deg.

Du kan når som helst endra databehandlinga som skjer i våre appar i telefonens innstillingar. Her kan du slå av og på varslingar og opne eller slå av sending av GPS-data til lokasjons teneste. Dette påverkar moglegheitene til å få personaliserte tenester og målretta annonsar.

Voss Taxi SA loggfører også data knytta til dei enkelte taxiturar.

 

I tillegg er da kun dei opplysningar som du sjølv oppgjev til oss igjennom appen, som lagrast. Me vil ikkje be om opplysningar som me ikkje treng for å kunna oppfylla våre forpliktelsar ovanfor deg.

 

Dine personopplysningar vil ikkje verta brukt til andre føremål, eller verta utlevert til andre, med mindre du samtykkjer til slik utvida bruk.

Dersom du vel å registrera ein profil om deg sjølv i VY-appen, vil du sjølv kunna sjå, redigera og sletta dei personlege opplysningane som er lagra i” Min Profil”. Du må angje brukarnamn og passord for å få tilgang til desse opplysningane.

 

VY-Appen brukar fleire sikkerhetsteknologiar for å beskytta dine personopplysningar mot uautorisert tilgang, bruk eller vidareformidling.

Ved å kontakta oss kan du få innsyn i dine personopplysningar som er lagra hjå oss

Vy-Appen ryddar løpande i sine databasar. Opplysningar som ikkje lenger er relevante, vert automatisk sletta. Ved å kontakta oss kan du krevja at dine personopplysningar som er lagra hjå oss, vert sletta. I så fall tar me kun vare på opplysningar som me er pålagd av lov å oppbevara.

VY-Appen nyttar informasjonskapslar kun til å verifisera gyldig brukarkonto. Dersom du ønskjer å skreddarsy tenesta til dine spesifikke føremål og preferansar, kan du sjølv konfigurera ei rekkje parameter under «din profil».

 

Oppdaterte «Retningslinjer for personvern knytt til Voss Taxi SA» er til ei kvar tid tilgjengeleg på http://vosstaxi.no.

Nokon av våre tenester krevjer at kunden samtykkjer til brukarvilkår på grunn av tenestas omfang. Ved bruk av VY-appen må kunden godkjenna innhenting og lagring av personopplysningar ved fyrste oppstart. På VY.no godkjenner kunden innhenting av personopplysningar ved å registrera seg som brukar og bruke tenesta. Enkelte tenester vil ikkje fungera som tiltenkt utan aktivt samtykke, for eksempel stads tenester.

 

Alle data kunden sjølv fyller inn for å bruka våre tenester lagrast i vår kundedatabase. Voss Taxi SA har ikkje anledning til å bruka informasjonen ut over vårt formål. Alt krypterast for å sikra at kommunikasjonen mellom tenestene våre er så sikkert som overhode mogeleg.

Me har ikkje anledning til å lagra eller samla inn informasjon ut over det me har spesifisert i dette dokumentet. Endringar i kva me samlar inn vil bli meldt frå om på førehand.

 

Me har ingen kontroll over, eller ansvar for, tredjepartsprogramvare med tanke på personopplysningar. Me vil ikkje bruka tredjepartsløysningar som er allment kjend for å bryta personvernopplysningslova i Noreg. Me brukar blant anna Google Maps, Vipps. Vennlegast sjå opplysningar om personvern i desse appane.

 

Kva brukast informasjonen til?

Me jobbar heile tida for å gje deg ei tilpassa og god oppleving av Voss Taxi SA. Her er dei viktigaste føremåla me brukar personopplysningar til:

Levera tenestene du forventar av oss

Spara deg for tid og arbeid

Forstå markedstrender og behov

 

Rett til innsyn, retting og sletting

Kunden har rett til å krevje innsyn i dei registrerte opplysningane, samt rett til å krevje retting og sletting i henhold til personopplysningsloven. Ta kontakt på e-post for kundeservice: personvern@vosstaxi.no

Dersom kunde slettar sin profil vil også tilhøyrande personopplysningar slettast. Reisekvitteringar vil som følgje av detta væra anonyme, slik som før oppretta profil.

 

Behandlingsansvarleg & Personvernombod

Voss Taxi SA har eit eiget personvernombud for å sikra ein trygg og god behandling av personopplysningar. Ordninga er initiert av Datatilsynet. Du kan kontakte Voss Taxi SAs personvernombod på e-postadressa personvern@vosstaxi.no.

 

Kva reglar gjeld for handtering av personopplysningar?

Voss Taxi SA er ansvarleg for handteringa av personopplysningar som samlast inn ved bruk av våre tenester. Voss Taxi SA følgjer personopplysningsloven i behandlinga av personopplysningar.

Når du lar oss formidla personopplysningar til andre, vil desse ha eit sjølvstendig ansvar for vidare behandling av opplysningane.

 

Borns personvern

Me ynskjer ikkje å samla inn eller på annan måte behandla personopplysningar om born under 16 års alder.

Visst born under 16 år alikavel har gjett oss personopplysningar vil me sletta opplysningane så snart me vert oppmerksame på forholdet. Føresette kan kontakta oss som angitt nedanfor.

 

Sletting av personopplysningar

Me lagrar ikkje personopplysningar lenger og i større grad enn da som er nødvendig for å oppfylle formålet med behandlinga med mindre det er lovpålagt, for eksempel gjennom regnskapsloven. Me har omfattande rutinar for sletting og anonymisering. Du kan sjølv be om å få fjerna opplysningar frå din brukarprofil.

Hovudregelen er at personopplysningar lagrast maksimalt i to år. Kor fort opplysninger vert sletta kan variere.

Innsyn i lagra personopplysningar

 

Ved ynskje om innsyn i kva slags opplysningar me har om deg, vennligst fyll ut vedlagt skjema og send dette til personvern@vosstaxi.no.