Voss Taxi

Voss Taxi SA hadde fram til 2013 namnet Voss Drosjebilsentral. Me er hovudleverandørar på køyring av pasientreiser og skuletransport i Voss Herad.


Me leverer og tenester til ulike aktørar og kundar, som f.eks Kommune, Fylkeskommune, Vy, diverse legar/behandlarar-institusjonar. Både i nærmiljøet og i fylket.



LITT INFORMASJON


Det er totalt 18 løyver som tilhøyrer Voss Taxi.


Slik ser bilparken ut med antall seter i kvar bil pr i dag.


  • 2 bilar som tek 16 personar (Maxi Taxi). Desse kan og ta med rullestolbrukarar, men då med eit mindre antall passasjerar enn 16.
  • 2 bilar som tek 8 personar. Den eine av desse kan og ta med rullestolbrukarar.
  • 2 bilar som tek 7 personar.
  • 4 som tek 6 personar.
  • Dei andre bilene kan ta 4 personar. Alle er stasjonsvogner. Alle bilane untanom maxitaxiane er 4wd.

Telefonen er bemanna døgnet rundt, heile året. Ved behov for større bil enn ein vanlig som tar 4 passasjerar, sjå meir info på "Kontakt" sida. Voss Taxi består av 18 bilar med 16 drosjeeigarar samt 2 minibussar.


Me held til midt i hjarta av Voss Sentrum. Du vil kanskje kjenna igjen den raude og kvite taxibua vår i frå fleire innslag i fjernsynet, deriblant Norge Rundt og Sommeråpent.


Den er ikkje lenger i bruk ettersom at me kom inn i nye og større lokaler rett over gata. Bilparken vår står der som den alltid har gjort (ved den raude bua).


I våre nye lokaler har me og eit stort og oppvarma venterom med stolar og sofa der ein kan slappa av mens ein ventar. Venterommet er ope 07-20 kvar dag.