Trygt heim - for 37 Kr


Trygt heim er ei ordning retta mot ungdom - ei gruppe som er spesielt utsett for trafikkulykker, og særlig helgeulykker i samband med bruk av bil.


Trygt heim er eit nattbusstilbod i distriktet for deg mellom 16 og 24 år. På bussen er det plassgaranti for deg i denne aldersgruppa. Andre reisande kan nytte tilbodet dersom det er ledig plass.


Nokre av Trygt heim-rutene er faste ruter som går uansett, mens andre er bestillingsruter som du må bestille.


Trygt heim-rutene blir køyrde av Voss Taxi som nyttar vanlege taxiar og maxi-taxiar. Ordinære bussprisar gjeld på alle transportmiddel, for deg med nedsett funksjon kan bli henta og brakt inntil 3 km frå rutetraseane.


Trygt heim på Voss er tilrettelagt for rullestolbrukarar.


MÅLSETTINGA MED ORDNINGA 


  1. Trafikktryggleik – få ungdom heim på kveld og nattestid i helgene på ein trygg og god måte
  2. Gi ungdom i distrikta eit transporttilbod lik det ungdom i byane har.
  3. Gi ungdom gode vaner for bruk av kollektivtransport.


Slik fungerer ordninga


Trygt heim er ei ordning som blir utført med drosje, men som blir køyrd som ei bussrute. Sjølv om turane blir køyrd etter ein fast trasé, har ordninga likevel ein viss fleksibilitet.


Drosja kan køyre avstikkarar frå den oppsette ruta på inntil 3 kilometer, utan at passasjeren treng å betale noko ekstra.

Prisar:

Ungdom med 30 dagers ungdomsbillett: Gratis

Ungdom/Vaksne f.o.m fylte 16 år: 37,-


NB! Tilbodet gjeld kun fredagar


Rutetilbod med drosje eller Maxi Taxi kl 02:45 til Ulvik, Stalheim og Bolstadøyri. NB!


Dersom det er behov for rullestol der ein må sitte i stolen under transport, so ta kontakt før det er avgang, då ein ikkje sender rullestolbil om det ikkje er nødvendig.


Ruta går i frå bussterminalen ved Gondolen. Deretter ved Tinghusplassen, Coop Extra på Vangen og sist overfor vegen ved Inside (Evanger Spekemat) Vær presis! Bilen går på minuttet, det er ei bussrute, so da er ikkje noko moglegheit for stopp for mat osv på vegen!